Dagane fram mot den store cup-kampen mot Aalesund, tel vi ned saman med nokre av strynespelarane. I dag får vi Karsten Bjelde si vurdering.

- Eg tenkjer det blir ein tøff defensiv kamp frå vår side, og vi må ta vare på dei overgangane og mulegheitene vi får. Visst vi gjere det kan det bli ein jamn og artig kamp, seier sogningen Bjelde. Han er optimist på laget sine vegne når det gjeld utfallet.

- Dette er ei fin mulegheit for oss, vi har alt å vinne og ingenting å tape. Eg trur resultatet blir 2-1 til Stryn, smiler spissen på Stryn.