Dagane fram mot den store cup-kampen mot Aalesund, tel vi ned saman med nokre av strynespelarane. Stian Sandal har mange år bak seg på dette nivået, men kampen i morgon blir ei ny oppleving.

- Det er ikkje tvil om at det er eit høgdepunkt for meg. Det er første gang eg er i 1.runde sidan eg starta med seniorfotball som 16-åring. Då er det sjølvsagt stas å få et tippeligalag til Stryn stadion, seier Sandal.

Han er forsiktig optimist, men trur alt er muleg.

- Ålesund skal jo slå Stryn, men det er også noko av det som gjere det ekstra motiverande. Alt er bonus, og er vi på max nivå så skal vi klare å få eit godt resultat. Det er kampar som denne det blir snakka om, og Stryn har slått store lag ut av cupen før, og det kan fort skje igjen, seier kapteinen på Stryn.