Sesongen er på ingen måte over for dei som søkjer etter fine skiturar. Fem år gamle Martin Eikebø Helset fekk seg ei aha-oppleving då han laurdag vart med bestefar Kjell Bjarne Eikebø på tur frå hytta ved Nordfjord Fritidssenter til Nosakleiva. Med utsikt over Nordfjorden  kom det kontant frå femåringen sin munn:  - Her var det fin utsikt, besten!