Nærmare 300 4H-arar frå heile fylket er venta til årets fylkesleir 25.-28. juni på Glomnes i Oppstryn.

– Vi gler oss stort til å ta imot 4H-arar frå heile fylket! seier Wenche Nesheim, årets leirsjef i ei pressemelding frå Sogn og Fjordane 4H.

Leirdeltakarane kan sjå fram til fire dagar fylt med spennande aktivitetar, tevlingar og mykje moro.

Fredag 25. juni blir det open leir med aktivitetar, underhaldning og konsert med Georg Lipai.– Då håpar vi å få besøk av folk i bygdene rundt og elles folk som er nysgjerrige på kva 4H er. Vi vil vise kor kjekt vi har det på leir, fortel leirsjefen.

På programmet er aktivitetar med sport, friluftsliv og kunst og handverk som tema. Via Ferrata og skiskyttararenaen på Ullsheim får besøk av deltakarar.

4H-klubbane Fossekallen 4H, Gaupa 4H og Loen/Rake 4H i Stryn er arrangørar, i samarbeid med 4H Sogn og Fjordane.