Ein katastrofefilm spelt inn i Geiranger og omegn får æra av å opne Den norske filmfestivalen i Haugesund 16. august.

"Bølgen" er ein storproduksjon av hollywoodske dimensjonar, og blir den første katastrofefilmen som er laga i Skandinavia. Filmen er basert på at fjellpartiet Åkneset ein dag vil rase ut og skape ei kraftig flodbølge rundt Geirangerfjorden. Kristoffer Joner spelar den erfarne geologen som må kjempe ein livsfarleg kamp mot klokka, før flodbølgja treff land.

Regissør Roar Uthaug (Fritt Vilt) gler seg og til å kunne vise det ferdige resultat med premiere i midten av august. - Det er ei stor ære å få åpne Den norske filmfestivalen. Ekstra spennande er det jo at filmen får premiere på Vestlandet. Eg er utroleg stolt over filmen, og gler meg til å dele den med publikum, seier han i ei pressemelding frå Nordisk Film.