Den store spenninga før cup-kampen mot AaFK var kor lenge Stryn kunne klare å halde nullen mot tippeligalaget. Det var difor eit lite sjokk for både ålesundarane og heimepublikum då det var stryningane som opna scoringsballet -og det etter berre dryge to minutt. Og sjølvsagt var det Stryn si målmaskin, Mads Wie, som sytte for den.

- Det var Petter (Hammer) som vann ein ball og stussa vidare, og eg prøvde berre å vere først på ballen og får løfta den over keeper, forklarar Wie, og legg ikkje skjul på at det var ei stor oppleving.

85 minutt spenning

Stryn klarte også å halde spenninga lenge. Rett nok fekk AaFK utlikninga etter kring kvarteret, men dei klarte aldri å få eit skikkeleg grep på kampen i den første omgangen.

Då var det eit meir dominerande bortelag etter kvilen. Og etter knappe tjue minutt kom 1-2. Stryn imponerte derimot med god kampmoral og heldt trykket oppe. Men etter nye tjue minutt kom 1-3 og då var cup- toget i praksis gått. Men heimelaget kjempa heroisk heilt inn, og hadde også eit par sjansar mot slutten som med litt betre forvaltning kunne gitt mål.

Fekk debutere mot tippeligalag

I sluttminuttane fekk også ungguten Sander Amble Haugen (14) sin offisielle debut på A-laget.

- Det gjekk fint, men vi hadde jo ikkje ballen så mykje, så det vart mykje springing i mellom, er Haugen si kjappe oppsummering.