Ein bilførar har erkjent skuld etter ulukka der ein motorsykkel kolliderte med ein bil ved Stavenestunnelen søndag kveld. Bilføraren såg ikkje motorsykkelen då han svinga ut frå ei utviding og ut på fylkesveg 60, fortel politibetjent Jan Tore Sunde.

Det gjekk bra med alle involverte, og dei to mennene som sat på motorsykkelen er no utskrivne frå sjukehus.