Kvart år er det over 82. 000 pasientar som ikkje møter til timen sin på sjukehusa på Vestlandet, og 160.000 pasientar som ønskjer å endre timen sin. Dette er svært ressurskrevjande for sjukehusa og tek opp mykje tid. Tid som kunne vore brukt til å behandle pasientar.

No ønskjer Helse Vest å informere om kor viktig det er å ta den timen ein får i "Møt opp"- kampanjen.

– Når vi veit at 45.000 pasientar til ein kvar tid ventar på å komme til behandling i spesialisthelsetenesta, og vi veit at ventetida deira ville gått ned om vi fikk redusert talet på re-planleggingar, så må vi prøve å gjere noko med det, seier Hilde Christiansen, personal- og organisasjonsdirektør i Helse Vest RHF, i ei pressemelding. For helseføretaket meiner ein bør ha ein god grunn for å droppe timen på sjukehuset til fordel for noko anna.

– Eg trur mange ikkje er klar over kor mange av våre medarbeidarar som faktisk er involvert i kvar enkelt konsultasjon på poliklinikken, for ikkje å snakke om i ein operasjon. Hadde ein visst at det kan vere 20-30 personar involvert, ville ein kanskje tenkt seg om ein gong til før ein endrar timen på sjukehuset til fordel for noko anna, seier Christiansen, for ho legg til:

– Ein god del av skulda for re-planleggingane må vi ta sjølve, fordi vi tildeler timane for seint. Vi har rett og slett hatt for kort planleggingshorisont.

Dette endrar seg no. Med prosjektet «Alle møter» i Helse Vest, har poliklinikkane begynt å planlegge med opptil ni månaders horisont. Då kan timane tildelast pasienten mykje tidlegare enn før, og sjansen for at det ikkje kolliderer med noko anna er større.

Men nokre gonger går det berre ikkje å ta den timen ein får tildelt. Difor har Helse Vest gjort det enklare for pasientar og pårørande, med å opprette nettstaden vestlandspasienten.no. Her kan ein be om nytt tidspunkt, og stadfeste at ein kjem til timen.