In Via AS er det nye namnet på selskapet som sidan 1963 har jobba med å få folk utanfor arbeidslivet i jobb igjen.

- Vi flyttar inn i nye lokale på Eid og får nytt namn, men vi skal framleis ha avdeling i Stryn og vere til stades i heile Nordfjord, seier dagleg leiar Geir Peder Ueland, i ei pressemelding.

I år er det 52 år sidan Sandane industri starta opp på Sandane. I desse åra har selskapet vore ein viktig samfunnsaktør i Nordfjord. Folk som av ulike grunner har hamna utanfor arbeidslivet har fått hjelp til å kome i jobb igjen.

- Det kan vere mange og samansette grunnar til at ein opplever utfordringar i yrkeslivet, og vi har lang erfaring med å finne løysingar som kan passe for kvar enkelt, seier Ueland.

Menneska som kjem til In Via varierer i alder, utdanning, erfaring og ikkje minst livssituasjon.

- Gjennom kartlegging og veiledning finn vi vegen vidare, anten den er i yrkeslivet eller ikkje. Sjølv om vi no får nytt namn, In Via AS, skal vi utføre dei same viktige arbeidsoppgåvene i samarbeid med næringslivet, kommunar og andre, seier leiaren. Grunnen til namnebytet seier han følgjande om:

- Samfunnet er i endring, og vi er heile tida i endring. Vi meiner namnet Sandane Industri ikkje lenger er dekkande for det arbeidet vi utfører i dag, seier Ueland.

In Via AS har 14 tilsette og til ei kvar tid mellom 60 og 70 personar inne på tiltak og er arbeidsgjevar for rundt 40 personar.