Internasjonale vertenester har varsla om ein unormal varm og tørr sommar her i landet. No følgjer lokale skjorer opp, og kan og spå ein tørr sommar. Fleire stader i Stryn sentrum er det observert heilt nybygde skjorareir denne våren. Og reira er høgt i toppen på trea.

- Når skjorene byggjer høgt i trea, skal det bli ein tørr sommar. Skjora er ein meisterbyggjar som byggjer reira sine med tak og to inngangar. Men det er ikkje alltid ho er like påliteleg som spåmann, seier Olav Guddal med eit smil.

Om både vertenestene og dei fjørkledde meisterbyggjarane får rett i påstandane sine for denne sommaren, står att å sjå.