I dag lanserer Skogstad sport nettbutikk, og dagleg leiar Henning Skogstad ser ei rekkje mulegheiter opne seg.

- Det er eit fantastisk verktøy til å utvikle merkevara og bli meir tilgjengeleg over alt og til alle tider. Dette opnar store mulegheiter for oss, som kan sikre arbeidsplassar og skape vekst i ein ny kanal, seier Skogstad, som er svært tilfreds med løysinga dei no endeleg kan vise fram.

- Det er ei splitter ny webside som er heilt ny frå grunnen av. Vi er veldig nøgde, alt fungerer og er testa i eit par veker, og barnesjukdomane skal vere luka vekk, seier han, og understrekar bedrifta si vektlegging av lokal natur i biletbruken på sida.

Digitalt fokus

Skogstad kom tilbake til heimbygda og overtok sjefsstolen etter faren for eit par år sidan, og har sidan då jobba målbevisst med auka digitalisering av famileverksemda.

-Vi har jobba med å digitalisere oss i større grad for å tilpasse oss den dataalderen vi er i. Og vi trur nettbutikk vil ta skikkeleg av framover, seier sjefen for klesprodusenten med hovudkontor i Innvik.

Første bestillingane har tikka inn

Førebels betyr ikkje nettbutikk-satsinga fleire arbeidsplassar, men det kan endre seg.

-Dei som sit på kontoret i Oslo administrerer den, medan service og logistikk vil skje i Innvik. Tek det av kan det bety fleire arbeidsplassar på sikt, seier han.

Sjølv om det er i dag nettbutikken offisielt opnar, har dei første bestillingane allereie byrja å tikke inn.

-Testversjonen har pågått i to veker, og allereie første dag kom det inn ein ordre. Det virkar for at det allereie før lansering er stor interesse for ein Skogstad nettbutikk, og det blir spennande å sjå utviklinga vidare, seier Skogstad.