Torsdag offentleggjorde Norges Skiskytterforbund kvar dei ulike norgescuprenna skal arrangerast neste vinter. 23.-24. januar er turen komen til Stryn og Ullsheim, der det 3. norgescuprennet for junior og det fjerde norgescuprennet for senior vil finne stad.

- Ja, då går turen til Fagre Stryn, og der er det fagert både sommar og vinter -så det blir spennande, kunne skipresident Tore Bøygard opplyse på pressekonferansen torsdag ettermiddag.

- Det er ein dyktig arrangør med veldig flott anlegg, som har levert mange gode arrangement tidlegare, var skussmålet frå forbundspresidenten.