Ein mann frå Stryn er dømd til 18 dagar fengsel på vilkår og ei bot på 10.000 kroner for å ha skaffa seg til saman 50 Ritalin-tablettar. Mellom 20 og 40 av desse skal han ha gitt til ein annan person. Mannen erkjente forholda i retten, men presiserte at han ikkje hadde betalt for tablettane, heller ikkje teke betaling.