Lions sin årlege tulipanaksjon går av stabelen 24. og 25. april.

Det vert også i år dørsal og sal frå stand, og Lions Club Stryn håpar å få selt 3400 tulipanar til ei god sak. Inntekta frå salet går uavkorta til Mitt Val, eit haldningsskapande program til bruk i barnehage og skule. Dette programmet blir, i motsetnad til mange liknande program, støtta av Lions og kostar ikkje brukarane anna enn fri frå arbeidet for å delta på kurs om tiltaket. Brukarane har gitt gode tilbakemeldingar og det har og departement og andre offentlege organ, fortel Lions Club Stryn.