Ein sofa frå Tonning & Stryn fekk ein av prisane under Møbel- og interiørkonferansen i Oslo torsdag.

Sofamodellen Linde frå Tonning & Stryn stakk av med prisen for årets produkt, skriv Sunnmørsposten. Designer er Andreas Engesvik, og ifølge juryen er modellen tydeleg og forståeleg. Sofamodellen representerer ei nytolking av klassisk 70-tal, og juryen meiner at modellen skil seg ut i mengda.

Det vart også påpeika at sofamodellen representerte modernisering i bedrifta sin kolleksjon.