Ein politipatrulje frå Stryn fekk i natt stoppa ein rusa bilførar på E39 ved Eidsvatnet, mellom Kalvatn og Fyrde i Volda kommune.

Etter tips som ein muleg promillekøyrar, kom strynepatruljen bak bilen i Kvivstunnelen på veg i retning Volda. Klokka 02.30 like etter Kalvatn fekk dei stoppa bilen, og deretter tok ein patrulje frå Sunnmøre over.

- Vedkomande bles over tillaten verdi, og vart framstilt for blodprøve. Førarkortet vart kverrsett, og det vil bli oppretta sak, melder politiet.