Åtte jenter frå Stryn vgs. har den mest trafikktrygge russebilen i Nordfjord. Kåringa i regi Statens vegvesen fann stad på Nordfjordeid fredag.Vinnarbilen fekk 3.000 premiekroner, medan nestbeste russebil var frå Sandane og fekk 1.000 kroner. Eline Blaalid, Siri Hinteregger, Christine Eikenæs Isehaug, Alma Marie Krogh Berstad, Vanessa Sunde Hoel, Ingrid Kvaale Faleide, Emilie Eikenes Vik og Astrid Tenden kan trygt ferdast i bilen dei kjøpte frå åtte strynegutar som var russ i fjor.– Bilen var best også i fjor så det var ikkje så mykje å gjere, fortel Alma. Likevel har jentene jobba med å pusse opp og har fått hjelp av foreldre. Logoen har dei teikna og fått produsert ved Fluor Lux.– Det er kjempekjekt å vinne, meiner jentene.