Ekornes Grodås har akseptert ei bot på 25.000 kroner etter at ein medarbeidar vart påført kuttskade i eine armen i januar i fjor.

- Uhellet skjedde medan den tilsette var i opplæring på ei høvelmaskin. Mannen vart påført kuttskader og var deretter sjukmeld tre månader, seier fabrikksjef Knut Ove Rygg.

- Ekornes Grodås har stort fokus på HMS. Det er kjedeleg når det oppstår uhell med personskade. Vi har erkjent at vi i dette tilfelle kunne ha førebygd betre, seier Rygg.