Strekspelaren Lone Katinka Vik (18) frå Stryn er også i år utteken til Region Vest sitt lag som stiller i NM for regionslag neste helg.

I fjor gjekk dei heilt til topps, så målsetjinga er ikkje noko dårlegare før årets NM.

– Sidan vi tok gull i fjor, håpar eg jo sjølvsagt på gull i år óg. Det er mange veldig gode spelarar på laget, men mange av oss har aldri spelt på lag før, så det trengs nokre treningar for å bli skikkelig samspelte, seier Vik.

Ho håpar difor at ei samling komande helg, i tillegg til to kveldssamlingar neste veke, vil vere tilstrekkeleg for å samkøyre laget som skal til Hønefoss 8.-10. mai.