Honndølene Tarjei Lødøen (26) og Kristoffer Haugen (20) gjennomførte litt av ei kraftprøve då dei frå laurdag til søndag gjekk Hornindal Rundt på ski.

Klokka var 06.36 laurdag morgon då friskusane la i veg frå Hornindal sentrum opp "Nakkjen". I joggesko, med sekk, snøanker, proviant, spade og søkjarstong, og med fjellskia i hendene, la dei i veg oppover. Dei la ut på motsett veg av det sommarlege ultraløpet Hornindal Rundt på 75 km og fekk med seg alle dei 20 trimpostane før dei klokka 13.05 søndag rusla mot mål på Sanden. Ein tøff tur var over etter godt 30 timar. Ingen av dei vi snakka med, kunne hugse at nokon hadde gjort dette før.

Alle 20 postane

Ytrehornsnakkjen-Otredalssetra-Otredalsskaret-Kviven-Høgenibba-Storesetra-Tussen-Sandsfjellet-Blåvatnet-Honndøla Bru-Muldsvorhornet-Kupa-Daurmålhornet-Holskarsetra-Gulekoppen-Storehornet-Setrehornet-Kirkhornsetra-Vikasetra-Middagsfjellet og Kjøsahalsen var ruta. Prøv det den som kan!

Fjordingen møtte dei to på Coop-tomta i Hornindal etter innkomsten søndag, og det var på ingen måte utslitne karar som fekk påspandert cola og burgar. Dei akta å halde seg vakne til kvelden kom. Dei ville ikkje bli "rungsvevne".

Blautt føre

- Vi kan ikkje garantere at ikkje noko har gjort det før, sa dei to. At det hadde vore ein tøff tur, seier seg sjølv, men dei var lukkelege for å ha gjort det.

-Enkelte plassar var det veldig blautt føre, og vi gjekk gjennom snøen. Verst var det kanskje ned frå Sandsfjellet og ved Blåvatnet. Der gjekk vi nesten ikkje ein meter utan å trakke gjennom. Skulle nok gått llitt tidlegare på vinteren, seier Tarjei.

- Ikkje noko dramatisk hending på turen?

- Vi tenkte å rappelere ned på Kviven, prøvde først å gå på ski. Til slutt sklei vi på baken. Litt skummelt var det, men det var ingen fare og flatt der vi stoppa, seier Kristoffer.

Kvile på Holeskarsetra

I måneskinn gjekk turen framover. I 02.30-tida fann dei kvile i ei av dei to hyttene på Holeskarsetra.

- Det vart ingen svevn i hytta?

- Nei, vi berre sat der eit par timar. Vi slumra nok ltt, men Tarjei hadde på alarmen. Det var kaldt og vi måtte ut igjen, seier Kristoffer.

- Det var aldri tanken å gje opp?

- Sola steig opp då vi skulle opp mot Gulekoppen. Då hadde eg det kanskje tyngst, men det gjekk fort nedover, seier Kristoffer.

- Det er klart det gjekk i bølgedalar for begge to alt etter kor det stod til med næringstilgangen. Det vart mest drikke. Mat måtte vi meir eller mindre tvinge i oss. Mot Gulekoppen var eg faktisk bra frisk. Vi heldt praten i gong og hadde fokus på å ta det med ro for å kome i mål på ein trygg måte, seier Tarjei.

- Godt å kome på Middagsfjellet

Dei legg ikkje skjul på at det var ein lettelse å kome på Middagsfjellet for så å renne ned mot Kongsviksetra. Då var turen i grunn over.

Tarjei som har vore ein habil fotballspelar på Honndalen, seier han var glad for å sleppe fotballkampen borte mot Førde 3 etter ein slik tur.

- Skulle eg spelt den, hadde eg krepert, smiler han mot sola frå benken på Coop-tomta. Kristoffer trøysta seg med at han hadde fri dagen etter. Han går på friluftsliv ved Høgskulen i Volda. Tarjei hadde ein jobbdag i sikte på Europris i Stryn.