Hafsås tangerte imponerande rekord

  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Maratonløparen Helge Hafsås frå Olden sprang i helga tradisjonsrike Ålesund Maraton. Han måtte ta til takke med 2. plass, bak Asgeir Bakken Rognstad frå Emblem, men tangerte likevel ein imponerande rekord.

For med tida 2.52.58 var dette maratonløp nummer 221 under 3 timar for Hafsås. Bjørn Gjerde frå BUL har fram til laurdag trona åleine med den rekorden. No er det nok berre eit tidsspørsmål før løparen frå Olden overtek trona fullstendig.

Inge Asbjørn i rute

Vi nemner også at Inge Asbjørn Haugen ligg i rute med å skulle springe maraton nummer 500 på heimebane, under Hornindal maraton. I helga sprang han sitt maraton nummer 496. Tida vart 3.55.47.

Einar Strand, Olden, sprang halvmaraton på 1.35.18 i klassen menn 55-59.