- Observasjonar tyder på at det er mykje lus i fjordsystemet no, meir enn det brukar å vere og bør vere på denne tida, seier fiskeentusiast og tidlegare leiar i Stryn Elveeigarlag, Dag Olav Skrivervik. Han fryktar for at dette kan bety døden for smolten som no skal ut i fjorden mot havet.

- Får den 10-15 centimeter lange smolten på seg 10 lakselus, er han død i løpet av 14 dagar. Om tre år skal dei normalt vere rundt 10 kilo. Då er det ikkje sikkert vi får dei tilbake frå havet. I sin tur kan det på ny bety stengde elvar, fryktar Skrivervik. Han meiner at heile oppdrettssystemet er ute av kontroll. Smitten er stor i fjordsystema, og myndigheitene fører for dårleg kontroll. Det gjev oppdrettarane høve til å auke biomassen monaleg.

Hobbyfiskar Jan Roar Lien seier til Fjordingen at han torsdag fekk to sjøørretar, kvar på rundt 300 gram i Svarstadvikja i Stryn. Den eine fisken hadde ca. 40 lus på seg, den andre mellom 10 og 15. Dette var store vaksne lus. Det var sår på finnane av fisken, og fullt av lus på rygg og mykje på buken.

Lien tok kontakt med Skrivervik som igjen informerte Mattilsynet på Nordfjordeid ved Jørgen Langeland. Langeland tok bekymringsmeldinga vidare til Mattilsynet i Måløy.

- Eg har sendt denne til Nina Manning. Det er dei som kan svare på tilstanden i oppdrettsnæringa omkring innrapportering m.m. Eg er elveeigar sjølv, og vi er spente. Det er klart at problemstillinga med lakselus er reell, men føl oppdrettsnæringa dei reglane dei skal, er dei vanskeleg å angripe for dette. Samanhengen må vurderast, seier Langeland nøkternt.

Nina Manning var fredag ikkje tilgjengeleg for kommentar.