Til vanleg er det dei store cruiseskipa som dominerer bukta i Olden. I går vart ei enorm kran skyssa innover bukta, og parkert ved sidan av cruisekaia. Mange har lurt på kva denne store maskina har å bestille i turistbygda. No har vi endeleg fått svaret.

Krana skal bytte ut den eine fortøyningsbøya til Nordfjord Havn, og legge til ei ny. Det blir ein del som skal gjerast, så sjølve arbeidet vil nok ta eit par dagar.

Den store krana på plass for å bytte ut ei fortøyningsbøye ved cruisekaia. Foto: Gunnhild Sindre