Ein mann busett i Bergen er frikjend for tiltalen om å ha slått ein ung stryning i andletet med knytta neve, for deretter å ha køyrd kneet inn i andletet hans.

Då tiltalte møtte i retten kom det fram at det var knytt stor usikkerheit til kva som faktisk skjedde, og til kven som kan ha skada fornærma. Fornærma sjølv hugsar ikkje kven som skada han då han stod i minibank-kø i Stryn sentrum ei april-natt i fjor. Nokre vitne meinte det var tiltalte som stod bak valden, andre meinte det var tiltalte sin bror.

Retten meiner, etter å ha høyrd alle vitne, at det er bevist at tiltalte tildelte fornærma minst eitt slag og eitt spark mot hovudet, men at det er uklart om det var desse slaga og sparka som påførte fornærma skade. Ettersom det er rimeleg tvil om tiltalte er skuldig i forhold til tiltalen, har ein samrøystes tingrett kome fram til at tiltalte måtte frifinnast. Aktor på sin side hadde lagt ned påstand om fengsel i 30 dagar på vilkår, samt bot på 5.000 kroner.