Etter fleire dagar med store forhåpningar om sommarskiopning i pinsa, måtte Stryn Sommerski fredag kveld melde at skisenteret likevel ikkje får opna i helga.

- Alt er klart på fjellet, både heis, park, sikring, kafeteria og skiutleige. Men brøytemannskapet stoppa fresinga i ettermiddag 50 meter frå brua, det vil seie rett nedanfor påstiginga til stolheisen. Vi trudde sterkt på at mannskapet ville gjere seg ferdig, sjølv om dei har slitt med tekniske problem og knallhard snø dei siste dagane. Med så lite arbeid att før heile vegen var open, er dette sjølvsagt svært skuffande, seier Idar Aaboen ved Stryn Sommerski.

Fordi det er pinsehelg, har han fått beskjed om at brøytemannskapet tidlegast kjem tilbake tysdag.

- Særleg overfor alle dei som har reist eller planlagt å reise til Stryn for skikøyring i helga, er dette sterkt beklageleg. Så lenge bommen er nede ved Videseter kan vi uansett ikkje ta folk opp i dalen. Meir trur eg ikkje eg vil seie no. Anna enn at eg ikkje tør spå noko meir om ny opningsdato. No har vi gått ut med håp om opning først torsdag, deretter fredag og så laurdag. Dette er berre trist og vanskeleg for oss alle. No veit vi ingenting meir før ein gong ut i neste veke. Det beklagar vi på det aller sterkaste, seier Idar Aaboen.

Idar Aaboen er fortvila over at sommarskisenteret likevel ikkje får opna til pinsa. Foto: Emil Eriksson