Eit samrøystes kommunestyre i Stryn avviste torsdag å dekke utgifter etter flaumskader på anlegget til Innvik vassverk.

Under flaumen i fjor haust vart det gjort store skader på anlegget til vassverket. Kommunen stilte opp for å hjelpe, då det private vassverket ikkje var leveringsdyktig. Innvik vassverk hadde søkt om at kommunen skulle dekke utgifter på 65.210 kroner, utifrå den vanskelege økonomiske situasjonen deira. Kommunestyret avslo søknaden, men akseptere å utsetje fristen for å betale til 31. desember 2016.