Gjenbruk av brukte varer blir stadig meir populært. Det merkar NMS Gjenbruk Nordfjord som har fått ein god start sidan dei starta opp.

- Omsetninga i opningsåret over seks-sju månader er 399.602 kroner. Vi takkar alle dei 60 frivillege og alle varegjevarane for bidraga for å nå så langt. Handlingsplan for 2016 er kr 800.000, fortel leiar i NMS Gjenbruk Nordfjord, Karin Nordvik. Ho ønskjer alle velkomne med varer, og til ein handel for miljø, møteplass og misjon.

Under årsmøtet på Sandane sist månad vart desse innvalgt i styret: Leiar: Karin Nordvik, nestleiar: Kåre Oksholen, sekretær: Jorunn Sollid, styremedlem Aase Brekke, økonomiansvarleg: Edith Hagen Lade. Vara: Kjersti Ness, Solveig Aaberg, Marie Eldevik.