To bedrifter frå Stryn kommune er blant dei 11 nye eigarbedrifter som stiller seg bak merkevara Framtidsfylket.

Desse er Nordfjord Kjøtt og Septik 24.

- Til no har Framtidsfylket hatt 25 sterke eigarar i ryggen, som alle er tunge næringslivsaktørar i Sogn og Fjordane. No var tida komen til å vise fram eit enno større mangfald, og bli eit enno sterkare lag. Difor valde vi å invitere inn fleire nye verksemder som aktivt bidreg til vekst og utvikling i fylket, seier Gro Rukan, dagleg leiar i Framtidsfylket.

Framtidsfylket vart skipa av næringslivet i 2008, og selskapet har til no vore eigd av 25 verksemder i Sogn og Fjordane.

Bakgrunnen for utvidinga er ikkje økonomisk motivert, men eit ønskje om å styrke merkevara Framtidsfylket med slagkraftige aktørar i fylket.

- Vi ynskte ein variasjon i bransje, geografi og kompetanse, og det har vi fått. Saman skal vi stake ut kursen vidare for Framtidsfylket, slik at enno fleire oppdagar mulegheitene som finst i Sogn og Fjordane, seier Rukan i ei pressemelding frå Framtidsfylket. Ho fortel at det framleis er ein ledig plass bak roret for dei som vil vere med på satsinga.