Laget frå Olden skule gjorde ein flott innsats i den nasjonale finalen i Klassequizen på NRK TV laurdag kveld.

Dei måtte svare på mange vanskelege spørsmål saman med 54 andre tiandeklassingar frå heile landet.

Sjølv om dei ikkje var blant dei tre beste laga i superfinalen, forsvarte dei både skulen og fylket si ære på ein framifrå måte.

Otelie Auflem Tenden (Olden), Peder Skåden (Loen) og Marcus Vangberg (Loen) var dei tre deltakarane frå Olden skule og Sogn og Fjordane.

- Vi var veldig spente før finalen, sa Otelie før sending. Dei svarte på 40 spørsmål i ti ulike kategoriar- alt i eit forrykande tempo. Alt frå land og amerikanske delstatar til stjerneteikn og tal.

Oslo vann til slutt superfinalen, medan Sogn og Fjordane hamna på 15. plass. For dei fleste deltakarane var det ein siger i seg sjølv å vere blant dei 19 beste laga i landet av totalt 453 lag i dei innleiinde rundane.