Ordførar Sven Flo synest det er trist at sommarskisenteret ikkje fekk opna i pinsa.

- Det er skuffande at det ikkje vart brøyta heilt opp til Stryn sommerski no i pinsa. No har dette vore teke opp med aktuelle etatar dei siste åra, og vi får dei same utfordringane kvar gong. Eg håpar no at dette kan bli forbetra, og bli retta opp til neste år, seier ordføraren.

Han meiner løysinga er å starte brøytinga tidlegare.

- Eg er usikker på om aktuelle aktørar forstår kor viktig drifta på fjellet er. Eg vil kreve eit svar på kvifor ein ikkje fekk opna til prinse, og det svaret bør vere godt, seier ordførar Sven Flo.