Stort snøfall og dårleg sikt er årsaka til at brøytemannskapa ikkje klarte å få fresa opp veg og parkering før pinse.

Dermed fekk ikkje Stryn Sommerski AS opna i pinsa.

- Kva er forklaring på at brøytemannskapa ikkje vart ferdige?

- Det har vore ein sein vinter med snøfall siste månaden, på det siste partiet opp til sommarskisenteret. Vi har prøvd å frese opp siste delen, og entreprenøren hadde håpa han skulle klare å bli ferdig til pinse. Dei fekk kjempetrøbbel med steinhard is då dei skulle frese opp vegen torsdag, og fresen vart øydelagt. Då måtte dei køyre ned og opp att før dei kunne forsetje, fortel Lars Karlsen i Statens vegvesen.

Fredag kom entreprenøren seg opp til sommarskisenteret. Det stod att å frese opp fire meter høg snø med parkeringsplassar og snuplassar. Dei gjorde eit nytt forsøk, men måtte til slutt gje seg.

- Dei vart nøydde å gje seg sidan det var tett snøver og dårleg sikt. I følgje sikkerheitsreglane skal ein ha sikt, og dei såg ingenting. På grunn av dei dårlege verforholda trekte brøytemannskapa seg dermed nedatt, seier Lars Karlsen. Sidan det var ein halv meter snø i vegen, var det heller ikkje tilrådeleg at bilar med sommardekk kunne ha køyrt opp. Så det var ei heilt rett vurdering å stoppe, meiner han. Verutsiktene for resten av pinsa var heller ikkje gode, og det er rasfare i området.

Han strekar under at vegvesenet heile tida må ta omsyn til tryggleiken for brøytemannskap, og trafikken som skal ferdast på strekninga. Med så mykje nysnø måtte alt ha blitt fresa opp på nytt, og ingen kunne ha komt seg ut om området.

- Kan du forstå at sommarskisenteret og folk er skuffa?

- Det er klart at folk er skuffa. Vi hadde ingen lovnad om at vi skulle bli ferdige, men brøytemannskapet har sagt at dei skulle prøve. Eg forstår godt at leiinga ved sommarskisenteret får problem når vi ikkje klarte det. Men det er vi som sit att og blir skulda for dårleg brøytejobb, seier han.

Han synest kritikken mot brøytemannskapa er litt urettferdig.

- Det er litt utidig, sidan dei verkeleg har stått på for å bli ferdige. Denne gongen var det dei dårlege ver- og snøforholda som var årsaka til at entreprenøren ikkje klarte det, seier Lars Karlsen.

Statens vegvesen har krav på å opne vegen 1. juni, men det er berre viss vertilhøva tilseier det. Det er heller ein bonus viss ein klarer å opne tidlegare. No vil entreprenøren halde fram fresinga over helga.

Prosjektleiar Lars Karlsen i Statens vegvesen Foto: Arkiv