Stryn Sommerski brukte i natt og føremiddag eigne trakkemaskiner for å brøyte opp siste del av vegen heilt fram til skisenteret.

– Vi har no sett oss så leie på at vegen ikkje vart opna, at vi tok i bruk trakkemaskinene og brøytte det som stod att, seier dagleg leiar Idar Aaboen til NRK.

Det er ikkje bestemt noko ny tid for kortid skisenteret på Tystigen kan opne.

- Det blir ikkje sett noko ny opningsdato før vegvesenet har gjeve klarsignal, og ein er 100 prosent sikre på at vegen kan opnast, opplyste Stryn Sommerski på sine Facebook-sider i går.