Statens vegvesen jobbar med siktemål å opne vegen mellom Videseter og Tystigen torsdag morgon.

- Med det atterhald at vi har veret med oss, og at utstyret held, seier Terje Samuelsen, byggjeleiar i Statens vegvesen.

Han fortel at brøytemannskapet no jobbar med fresing av parkeringsplassen, vegen vidare mot fylkesgrensa og ikkje minst breiddeutviding og møtelommer langs vegen frå Tystigen og ned mot Videseter.

- Idar Aaboen ved sommarskisenteret er uroleg for flaum dersom det ikkje vert greve grøft som leier vatnet under elva og ned mot fossen.

- Vi har dette på planen. Eg var på fjellet sjølv i går, men førebels er det for kaldt og for mykje snø. Tidlegast om ei veke vil vi reise opp med gravemaskin og grave grøft for flaumvatnet, seier Samuelsen.

Idar Aaboen, dagleg leiar ved sommarskisenteret, ser fram til  endeleg å kunne ønskje skigjester velkomne.

- Opnar vegen torsdag morgon, opnar skisenteret same dag. Det er ei veke etter det vi først håpa på. No ser vi fram til å kome i gang. Eg gler meg verkeleg til å sjå folk her oppe, og håpar gjestene vert fornøgde med det vi har laga til, seier Aaboen.