Hornindal er mellom kommunane som ikkje har gjeve svar på inkluderingsminister Solveig Horne si oppmoding om å busetje syriske flyktningar.

- Vi har gjeve tilbakemelding på at Hornindal kommune per i dag ikkje har noko vedtak, og at oppmodinga vil bli handsama på kommunestyremøtet 18. juni, opplyser rådmann Ann Kristin Langeland.

- Kvifor klarte de ikkje å halde svarfristen 27. mai?

- Fordi kommunestyret ikkje har vore samla etter at inkluderingsministeren  sende brevet til kommunane. Ei slik sak krev politisk handsaming.

- Hornindal har tidlegare avviste busetjing av flyktningar med grunngjeving i at det ikkje finst ledige bustader. Kva er situasjonen no?- Det er framleis ei utfordring å skaffe husvære, seier rådmann Ann Kristin Langeland.