Norges Lastebileigarforbund sin profilerte leiar Geir A. Mo kjem til motorfestivalen for å profilere næringa på stand. Saman med andre vil han snakke med medlemane. Dette skjer på utstillingsplassen ved Strynehallen.

Leiar i fylkeslaget, Rolf Olav Tenden seier at dei skal halde styremøte i samband med festivalen.

– All ære til dei som får i stand denne festivalen. Eg håpar dugnadsånda vil vare ved. Kjem det profesjonelle aktørar inn, vil det bli høge skuldrer og særpreget vil forsvinne, seier Tenden.

– Kva kjem du sjølv til å stille med av bilar?

– Tre bilar på utstillinga. Det blir truleg vinnarbilen frå i fjor med krokløft som vart påbygt av Nomek. Vidare har vi også fått tilpassa ein spesiallaga kadaverbil på Nomek. Denne nyttar vi til innhenting av sjølvdauda dyr i fylket, dyr som ikkje blir nødslakta. Eg har også lyst til å vise at ein bil etter 150.000 kilometer kan vere like fin, vise at bilar vert tekne vare på,  noko sjåførar er og kan vere stolte av, seier Tenden. Han gler seg stort til festivalen, ikkje minst til at heile fylket og regionen kan sjå styrken i den lokale transportnæringa.