Vegen til Tystigen vart opna etter vinterstenging kl 08.30 torsdag morgon. I morgontimane er mannskapet på Tystigen i ferd med å leggje siste hand på verket og førebu stolheis og anlegg for dei første gjestene.

- Dette har vi sett fram til, og no er dagen der. Vi fekk påfyll av snø i natt, så mannskapet har vore ute for å fjerne snø frå railsene i parken. Dei første bilane er allereie på plass på parkeringsplassen, og om ein snau halvtime er vi klare til å opne for sesongen, seier Idar Aaboen i Stryn sommerski.

Terje Samuelsen i Statens vegvesen stadfestar overfor Fjordingen at vegen er open, og med svart asfalt heilt opp.

- Vegen er fresa opp til Tystigen og det er heilt greit å køyre opp på sommardekk, seier Samuelsen.

Siste arbeidet med fresing av parkeringsplass og breiddeutviding av vegen vart gjort onsdag.