Honndølene Steinar Lunde og Ståle Raftevold som står saman om Bryggeriet 514,  kunne inkassere 3. premie  i konkurranse med dei beste ølbryggjarane i Møre og Romsdal.

Møre og Romsdal Heimebryggarlaug hadde fått tak i toppkvalifiserte dommarar frå Belgia til arrangementet i Spjelkavik. Dei smakte seg igjennom 20 sortar. Og det skulle altså vise seg at 3. plassen gjekk til Hornindal og Bryggeriet 514.

- Dette var over all forventing, seier Steinar Lunde til Fjordingen.

- Kva slags øl stilte de med?

- Eit litt sterkt humla øl som vi kalla HonndalsIPA, dvs. ein variant av India Pale Ale. (Engelskmennene humla ølet ekstra for at det skulle tole den lange reisa til India og andre koloniar.)

- 3. plassen opnar vel for masseproduksjon?

- Nei, vi tek ikkje laust på grunn av denne premien. Så det blir framleis produksjon til eige bruk , pluss spandering på venner og kjente.

- Hornindal er kjent for sitt konnjøl. Men dykkar brygg er noko heilt anna?

- Ja, vi driv med mikrobygg. Denne produksjonen er annleis enn å bryggje konnjøl.

- Kor lang tid tek det å få  HonndallsIPA på flaske?

- Frå brygging og ferdig produkt går det vel tre veker. Men vi har også fleire sortar som skal lagrast i tre-fire månader, sluttar Steinar Lunde.