Geir-Ståle Vatnamo har ansvaret for stell av åtte kyrkjegardar i Stryn kommune. I tillegg er han klokkar og kyrkjetenar i tre sokn.

- Arbeidsdagen min startar klokka 08 og varer til klokka 22. For å nå rundt må eg jobbe alle dagar i veka, fortel Geir-Ståle Vatnamo, som også har ansvar for gravferder på kyrkjegardane i Utvik, Innvik, Olden (2), Loen, Nedstryn, Oppstryn og Nordsida.

- Dette virkar å vere ein uhaldbar situasjon og eit umenneskeleg press på ein person?

- Ja, det er heilt sjukt. Kvar dag blir ein kamp for å stelle kyrkjegardane slik at dei er presentable. Folk forventar at det skal vere fint, spesielt i samband med 17. mai, konfirmasjon, dåp,  bryllaup, pinse og andre store høgtider. Så då har eg ikkje noko val, sjølv om arbeidsdagane blir lange.

- Det går vel ikkje an å halde på slik over lang tid?

- Nei, og eg vil på det sterkaste oppmode politikarane i Stryn kommune om å gje større ressursar til kyrkjeleg fellesråd, slik at dei kan tilsetje fleire kyrkjegardsarbeidarar. Det er også viktig at vi får fornya maskinparken, seier Geir-Ståle Vatnamo.