Laurdag 6. juni stoppar Røde Kors sin jubileumsturne i Olden. - Same dag skal vi markere at Olden Raude Kross er 95 år, seier Sigurd Strand til Fjordingen.

Olden Raude Kross har jobba for å bli stoppestad for Røde Kors sin jubileumsturne, der ein får synleggjort Røde Kors si historie og viktige arbeid gjennom 150 år.

- Det blir ser vering og ei rekkje aktivitetar, m.a. barnetelt med førstehjelpsopplæring. Vassredningsgruppa til Stryn Røde Kors vil demonstrere redning i sjøen. Det blir demonstrajsjon og prøving av hjarte- og lungestartar, bildeframsynign frå Vikane, Stryn og Olden Raude Kross med etterfylgjande quiz, fortel Sigurd Strand.

Visepresident i Røde Kors, Hanne Marie Heggdal, skal saman med ordførar Sven Flo stå for opning av jubileumsmarkeringa. Dei vil også halde appell.

Hanne Marie Heggdal.