Idar Aaboen var en glad mann torsdag. Klokka 08.30 opna vegvesenet bommen for ferdigfrest veg til Tystigen. Dermed kunne Stryn sommerski ønske dei første og mest ihuga skientusiastane velkomne til eit sommarskisenter med rikelege snømengder.

- Ja, vi har mykje snø. Heldigvis er det ikkje rekord, men betydeleg meir enn dei to siste åra. Det fine er at snøen er svært kompakt når ein kjem litt under overflata. Det borgar for at sesongen kan vare ei stund. Utan å love noko, er målet å kunne halde det gåande i alle fall til midten av juli, seier Idar Aaboen.

Han kjøpte det konkursråka sommarskisenteret i fjor, og har saman med mannskap av folk både frå Stryn, Skjåk, austlandet og Sverige lagt ned mange timar i å førebu sesongen.

- Vi var klare til å ta i mot folket i dag, og når første driftsdag er over, er det veldig godt å kunne konkludere med at dette gjekk veldig fint.

- Det vert uansett ikkje det største innrykket på ein torsdag, men besøket var bra, og alt fungerte slik det skulle. Det var godt å kome i gang. Dagen i dag vart ein god gjennomkøyring, så satsar vi på storinnrykk til helga. Vermeldingane er slett ikkje verst, så dette kan bli veldig bra, seier ein godt nøgd Idar Aaboen.

Blant dei første gjestene i bakken møtte vi tre svenske karar på breie plankar. Sandy Arufors frå Stockholm og Jonas Engelin frå Uddevalla køyrd eopp til Stryn laurdag for å beslke kompisen Johan Andersson frå Sverige, men som er busett i Hjelledalen. Sidan det ikkje vart skisenteropnning i pinsa har dei tre karane nytta ventetida til anna friluftsaktivitet. Torsdag morgon var dei klare og blant dei aller første i stolheisen.

- Det er herleg å kome ut og opp i fjellet. Stryn og sommarski høyrer med. Ingen sommar utan Stryn, seie Engelin og Arufors, som meiner det er heilt greitt å kjøyre den lange vegen frå Sverige til Stryn for å køyre på ski og treffe kompisar.

Frå Sverige til opning av Stryn sommerski. F.v. Sandy Arufors frå Stockholm, Jonas Engelin frå Uddevalla og kameraten Johan Andersson frå Sverige, men busett i Hjelledalen. Foto: Bengt Flaten
Kristian Hool Egge.t.v og Katalin Erdesz driv Stryn kafe på Tystigen saman med Mathias Hool Egge. Foto: Bengt Flaten
Stolheisen og resten av utstyret fungerte som det skulle opningsdagen, kunne ein nøgd Idar Aaboen konstatere. Foto: Bengt Flaten
Snømengdene på Tystigen er til dels formidable, med fleire meter mange stader. Foto: Bengt Flaten