Brettkøyraren hadde flaks, då han sjølv utløyste to skred utan å hamne i skredmassane. Fjordingen vart vitne til episoden på veg ned frå opninga av sommarskisenteret på Tystigen torsdag. På veg opp til fjellet hadde vi registert at det hadde gått mange skred ned fjellsida opp mot sommarskisenteret. Naturleg nok, sidan det hadde kome nysnø natta før. Den store rasfaren var dermed godt synleg.

Likevel - på veg ned frå fjellet, om lag ein kilometer nedanfor sommarskisenteret, oppdaga vi ein kar oppe på den høge brøytekanten. Han hadde tydeleg kome ned fjellsida, og såg ut som han venta på nokon. Etter å ha runda eit par svingar stoppa vi for å sjå om teorien vår stemde. Det gjorde den. Ikkje før hadde vi stogga bilen for å sjå opp i fjellsida, så kom det eit mindre skred. Og oppe i enden av skredet såg vi ein kar på snøbrett. Ved hjelp av telelinse såg vi at mannen hadde kome køyrande på skrått ned mot eit ope fjellparti i det bratte terrenget. Der utløyste han skredet vi såg kome.

Tydeleg usikker på kva han skulle gjere vidare, stod mannen ei stund før han heldt fram vidare på skrå ned. Brått utløyste han enno eit skred. På nytt hadde han flaks som ikkje vart dregen med av skredet. Hadde han blitt med nedover i snømassane, kunne det brått endt i ei ulukke med store personskader.

Etter å ha utløyst det siste skredet, hadde brettkøyraren berre skredløp under seg. Forsiktig tok han seg ned mot vegen og kameraten som venta. Truleg skjelven i beina. Garantert ei skummel erfaring rikare.

- Sommarskisenteret har tydelege skilt i anlegget som åtvarar mot fare og gjer det klart at ferdsel utanfor anlegget skjer på eige ansvar. Vi har og klare ytterpunktmarkeringar. Fjordingen observerte tydelegvis rasa i fjellsidene. Ut over det kan eg ikkje kommentere kva folk gjer utanfor skisenteret sitt område, seier Idar Aaboen.

Brettkøyraren går vidare på skrått nedover, medan kameraten nede ven vegen ventar. Foto: Bengt Flaten
Her har brettkøyraren utløyst skred nummer to, framleis utan sjølv å bli dregen med i snømassane. Foto: Bengt Flaten
Pudderturen er forvandla til ein redningstur ned på skredmassane berttkøyraren sjølv har utløyst. Foto: Bengt Flaten
Medan kameraten ventar, nærmar brettkøyraren seg vegen og sikkerheit. Foto: Bengt Flaten
Ganske nøyaktig fem minutt etter at han utløyste det første skredet, klarte brettkøyraren å kome seg i sikkerheit ned til Gamle Strynefjellsvegen. Foto: Bengt Flaten