Stryn kommunestyre er kalla inn til ekstra møte torsdag 4. juni.  På dagsorden står to saker: Godkjenning av områderegulering Hoven Loen og prosjektet sin søknad om kommunalt lån.

- Områderegulerilnga omfattar alt frå fjord til fjell. Den andre saka gjeld kommunen sitt lån, seier rådmann Per Kristian Storevik til Fjordingen. Som forklarar innkallinga til ekstra møte med at Hoven-prosjektet må ha dette  på plass når dei skal inngå kontrakt med heisleverandøren.

Før kommunestyret får saka om områdergulering på møtet torsdag, skal sektorutval for tekniske saker gje si innstilling. Det skjer tysdag 2. juni. Den adminstrative tilrådinga går ut på at ein godkjenner framlegget til områderegulering, planommtale og føresegner.

Kommunestyret skal også fatte vedtak om ansvarleg lån.  Frå formannskapet ligg det føre samrøystes tilråding om å yte eit ansvarleg lån på 12,5 millionar kroner.