Per Olav Berglid sitt mørke bokkøl fall i smak hos publikum under arrangementet til Møre og Romsdal Ølbryggarlaug i Spjelkavik. Etter at ca 50 frammøtte hadde smakt på dei godt og vel 20 sortane, vart ølet til Per Olav Berglid kåra til det tredje beste.

Også dei belgiske dommarar gav gode skussmål til bokkølet som er laga i mikrobryggeriet som Per Olav Berglid har ståande i kjellaren i bustadhuset på Fjelli.

- Eg fekk tillbakemeldingar frå dommarane som gjer at eg kan justere oppskrifta for å få det endå betre, fortel han til Fjordingen.

Det er to-tre år sidan Per Olav Berglid starta med brygging av sitt eige øl. Noko som har blitt svært populært over heile landet.

- Eg har til denne tid laga 16 sortar - alle ulike.  Det  mest spennande med denne hobbyen, er å prøve nye smakar på ølet, seier han.

- Kva er viktigaste suksessfaktoren for å brygge godt øl?

- God hygiene er hundre prosent nødvendig. Deretter må ein prøve seg fram. Her er ti tusenvis av ulike oppskrifter, og det gjeld  å finne fram til det ein sjølv likar. For alt dreiar seg om smak og behag.

- Til sllutt, Per Olav. Kan vi vente masseproduksjon frå anlegget ditt?

- Nei, dette er berre noko eg gjer for moro skuld og som triveleg hobby.

-