Med unntak av obligatoriske tutelydar, ein og annan akselerasjon gjennom gata og eit par skrantne eksospotter gjekk den første kvelden og natta roleg føre seg på motorfestivalen. Politiet har heller ingenting å melde.

Ein lesar sende oss dette stemningsbildet som vart teke ved Strynehallen der storbilane står oppstilt. Her er det Peterbilt-bilane som står snute mot snute i skumringstimen.