Hallvard "Poppy" Flaten gjorde storeslem i prisutdelinga for tungbilar. Både juryen og publikum stemde fram bilen til 25-åringen frå Førde, som er sjåfør hos Magne Hafstad.

Bilen er ein ombygd Volvo, ny i november 2014, og det er strynebedrifta NoMek som har teke hand om den jobben.

Nomek har stått for ombygginga av Hallvard "Poppy" Flaten sin bil.

At "Poppy"hadde gjort seg flid og fått laga seg eit spesialbygd lysskilt i fronten på bilen, der det stod Stryn Motorfestival 2015, slo neppe negativt ut i vurderinga.

- Det fekk eg laga i siste liten på fredag, smilte den glade prisvinnaren, medan festivalen si einaste regnskyll pøste ned.

Det var i år oppretta ein eigen pris for dei amerikanske Peterbilt-bilane, Big rig of the show. Her var det ein annan sunnfjording, Rune Alværvik, som stakk av med prisen.

Rune Alværsvik frå Dale i Sunnfjord vann prisen for amerikanske storbilar med sin Peterbilt.