Også i Eid kommune, nærare bestemt i Frislida i Heggjadalen er det gjort ulveobservasjon. Dette skjedde i 21-tida søndag kveld, får vi opplyst av leiaren i Eid Sau- og geitalslag, Arve Inge Dahl.

Måndag vart det leita etter ulven opp mot snaufjellet utan at dei såg dyret igjen.

- Vi ser på dette som ein sikker observasjon. Det var Tore Myklebust og kona som såg dyret under ein tur. Først var det hovudet dei såg. Sjølv har dei ein Border Collie som stakk av garde og vart funnen vetskremt ved bilen.

- Kvar vart observasjonen gjort?

- Det var ved bøgarden til Frislid, frå Setrevatnet og ned og ut mot Eid. Observasjonen vart gjort på 15-20 meters hald. Då ulven, som var veldig stor, vart observert, la han på sprang langs steingarden og deretter rett over eit gjerde og til skogs. Vi fann straks spora av store potar med ein diameter på 8-10 centimeter, seier Dahl.

- Kva skjer vidare?

- Vi må berre vere observante og tolmodige og passe på sauene våre. Folk må gje beskjed om dei ser noko, slik at vi kan førebygge. Det er veldig mange dyr ute, kanskje så mange som 500 i eit mindre område i utmarka. Sjølv har eg sleppt ut 150, seier Dahl.