Stryn Energi AS fekk eit årsresultat på 4 millionar kroner i 2014. Ei betring på 800.000 kroner frå føregåande driftsår. Stryn kommunestyre som er generalforsamling, bestemte at overskotet skal gå til styrking av eigenkapitalen. Det betyr at ein ikkje innfrir forventinga om at selskapet skal bidra med 1,5 mill. kroner til drift av Stryn kommune.

Stryn Energi AS er eit heileigd kommunalt selskap. I konsernet er også dotterselskapa Innvik Kraftverk AS og Stryn Fjernvarme AS.

Samla kraftforbruk i Stryn Energi sitt nett var i 2014 på 111 GWh. Nedgangen på 7,5 prosent frå 2013 skuldast lågare forbruk som fylgje av at det aldri før har vore registrert så høg middeltemperatur for målestasjonen i Stryn.

Den milde vinteren viser godt igjen på omsetningstala. til Stryn Energi AS. Driftsinntektene i konsernet var i 2014 på 80,4 mill. kroner, mot 102,1 mill. i 2013. Med andre ord ein reduksjon på 21,7 mill. kroner.