I helga opna Den Norske Turistforening (DNT) sommarfjellet med markeringar fleire stader i fjellheimen.

Alt no ser det ut til å gå mot eit rekordår i talet på medlemmer for organisasjonen.

Turistforeininga hadde 250.965 medlemmer i 2013. Tala for juni 2015 viser eit medlemstal som ligg like over 251.000 personar. Dermed har ein tidleg i året passert det totale medlemstalet i friluftslivets år, melder DNT.