Eit fleirtal i fylkesutvalet i Sogn og Fjordane tilrår ikkje å ha generell søndagsopning av butikkar. Dei meiner samfunnet treng ein felles fridag.

Seks av dei ni medlemane i fylkesutvalet meiner søndagsopne butikkar vil verke negativt for arbeidstakarane, for familiane og særleg for borna. Dei sikra dermed fleirtal for ein høyringsuttale mot regjeringa sitt forslag om å tillate butikkar å halde ope på søndagar.

Representantane frå Høgre, Framstegspartiet og Venstre stemde mot høyringsfråsegna, som vart vedteken 24. juni.

«Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane rår frå ei generell søndagsopning fordi samfunnet treng ein felles fridag. Det er ikkje gjort nokon utgreiingar om korleis eit slikt tiltak vil påverke samfunnet vårt. Vi meiner dette vil verke negativt for arbeidstakarane, for familiane og særleg borna. Det vil vankeleggjere å skape gode møteplassar for både mindre og større samlingar. Det vil verke negativt på mykje av det frivillige arbeidet som lokalsamfunna våre er heilt avhengige av. Vidare vil det ikkje gje forbrukarane betre teneste eller rimelegare varer. Heller tvert om. Og vi trur det vil sentralisere handelen og gjere det vanskeleg for mange mindre butikkar, både i by og bygd. For vårt fylke er vi særleg oppteken av å behalde dei lokale butikkane, fordi dei er svært viktige for dei som bur i nærleiken, både som butikkar og som møteplassar.

Fylkesutvalet rår også i frå ei ordning der kvar enkelt kommune skal ta avgjerd om butikkane skal vere opne eller ikkje på søndagane», heiter det i høyringsfråsegna.