Ein mann i slutten av 20-åra er i Fjordane Tingrett dømd til sju månader fengsel, for sal av amfetamin og seksuell omgang med ei mindreårig jente.

Over ein periode i 2013 skal nordfjordingen ha hatt samleie med ei mindreårig jente eit par gongar. Då dette skjedde, var jenta 15 år. Mannen har tilstått fleire av tiltalepunkta.

I tillegg vart mannen dømd for å ha kjøpt amfetamin og marihuana, og også sal av amfetamin. Retten ser likevel mest alvorleg på den seksuelle omgangen med ein mindreårig.

I følgje straffeutmålinga er tre av dei sju månadane i fengsel på vilkår, med ei prøvetid på to år. Mannen må i tillegg betale 60.000 kroner i oppreising til jenta.